Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, til eit nytt liv på Stord.
Maria fortel om flukta, møtet med Noreg, språket, kulturen og kvardagen som ukrainar i Sunnhordland. Ho deler òg om jobben på Brilleriet, lidenskapen for briller – og den kreative sjokoladebedrifta ho er i ferd med å byggja opp.
Og så er det fuglen Pidrik, då. Ein liten babyfugl redda frå ein katt, som no bur heime hos Maria – og har blitt ei lita TikTok-stjerne.
Sjekk ut: https://www.instagram.com/choco_la_tease
Sponsor: Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane.
Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo.
Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress.
Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa.
Hausten 2026 skal det fødast to nye Brilleri. Begge har termin i spetember viss alt går etter planen. Det eine vert i Ølen og det andre er det foreløpig ingen som veit.
Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden!