I denne episoden møter du Lindi Hystad Strand – dama bak Instagram-kontoen Frisk luft og livet.


Ho fortel ope og ærleg om oppvekst med dysleksi, epilepsi og Tourettes syndrom, om dårleg sjølvbilete, tics, diagnosar og vegen fram til å akseptera seg sjølv. Men dette er også ei sterk historie om kjærleik, familie og det å stå som pårørande når mannen Eivind lever med alvorleg kreft.


Lindi deler om kvifor ho vel å vera open, korleis natur, fjellturar, vinterbading, musikk og små eventyr gir kraft i kvardagen – og kvifor livet må levast no, ikkje ein gong seinare.


Ei varm, sår og inspirerande samtale om å vera menneske midt i det vanskelege – med både latter, tårer og håp.



Sponsor: Nest Design


Nest Design hjelper deg med å sjå potensialet i heimen din og skape løysingar som kombinerer design, funksjonalitet og trivsel.

Med bakgrunn som bygningskonstruktør og over 14 års erfaring frå arkitektbransjen, hjelper dei deg enten du skal byggja nytt, renovera eller ønskjer å få meir ut av bustaden du allereie har.


Dei tilbyr rådgiving og prosjektering av nybygg, ombygging og renovering, og kan også hjelpe med interiørdesign, farge- og materialval, møblering, lysplanlegging og utforming av uteområde.


Nest Design tilbyr dessutan bustadstyling – for deg som ønskjer ein meir funksjonell, harmonisk og heilskapleg heim, utan nødvendigvis å pussa opp eller kjøpa alt nytt.

Dei ser moglegheitene i det du allereie har, optimaliserer romma og finn smarte løysingar som gjer kvardagen enklare og heimen endå trivelegare å bu i.

Gjennom tett samarbeid finn de saman fram til løysingar som er tilpassa deg, familien din og måten de lever på – slik at heimen ikkje berre blir vakker å sjå på, men også god å leva i.


Nest Design hjelper kundar både i Noreg og på Island.

Les meir på nestdesign.no, og følg dei gjerne i sosiale medium.


Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.