Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilnamnet «naustfluensar».
I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfunn.
Han deler også historia om oselvaren, boka han brukte tolv år på å skriva, seglturar til Shetland og Karibia og draumen om eit fellesnaust midt i Leirvik.
Kan tradisjonelle båtar bidra til betre folkehelse, meir bulyst og sterkare fellesskap? Og finst det pengar å søkja på dersom du eig eit naust som treng vøling?
Ei engasjerande samtale om kystkultur, kulturvern og kvifor fleire bør få oppleva Sunnhordland frå sjøsida.
Sponsor: Sagvågen Kystlag
Sagvågen Kystlag er ein del av det landsomfattande Forbundet KYSTEN og har i over 30 år arbeidd for å ta vare på og formidla lokal kystkultur.
Laget held til i eit historisk område knytt til Ottesen Skipsbyggeri, der det har vore drive skipsbygging av den same familien i meir enn 200 år. Her tek kystlaget vare på kunnskap, teknikkar, maskinar og historia om menneska som har arbeidd på verftet.
I dag er laget særleg oppteke av å vøla og ta vare på mindre båtar med årar og motor – båttypar som har vore vanlege i distriktet vårt. Dei har også lagt stor vekt på formidling til barnehagar, skuleklassar, lag og organisasjonar.
På Vervadagen, den 29. august, kan du oppleva noko av dette arbeidet på nært hald, få kjøpt mat og handla produkt frå lokale produsentar og kunstnarar.
Program og meir informasjon kjem på Facebook - Søk opp Sagvågen Kystlag og følg dei på Facebook!
Stor takk til Sagvågen Kystlag for at dei støttar Sunnhordlandpodden!