17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i.

I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdommar, om kjeft frå sidelinja, raske avgjerder, tøffe fysiske krav og draumen om ein dag å dømma på dei største arenaene.

Jonas har allereie dømt nasjonale ungdomskampar, vore dommar under Norway Cup og leia seniorkampar med spelarar som er meir enn dobbelt så gamle som han sjølv.

Samtidig står lokalfotballen i Sunnhordland overfor ei stor utfordring: Det er alvorleg mangel på dommarar.

Kvifor vel ein 17-åring denne vegen – og kan dette vera noko for deg?


Sponsor: Stord Fotball

Stord Fotball er flaggskipet i Sunnhordland.

Klubben har eit stort fokus på breiddeidretten og det viktige samfunnsarbeidet som ligg der, samstundes som dei er, og skal vera, den leiande klubben sportsleg sett for seniorlaga i regionen.

Med både dame- og herrelag i 3. divisjon tilbyr Stord Fotball spelarar frå heile Sunnhordland ein utviklingsarena for dei som ønskjer å leggja meir i idretten og prøva å ta nye steg.

Stord Fotball er stolte av å kunna seia at seniorlaga deira har spelarar frå stort sett alle klubbane i regionen.

Klubben er også oppteken av å utvikla dommarar og trenarar. Dei er heilt overtydde om at gode miljø må til for å hjelpa og leggja til rette for dei som ønskjer å utvikla seg på desse arenaene.

Som sentrumsklubben i regionen driv Stord Fotball også byutvikling gjennom anlegga sine, og dei drøymer om å utvikla Stord Stadion til noko heile regionen — og fleire idrettar — kan dra nytte av.

I tillegg til eigne lag driv Stord Fotball ei rekkje spelarutviklingstilbod som er opne for alle klubbane i regionen. Dette gjer dei i samarbeid med Subshore, Sparebanken Norge og fleire andre gode lokale krefter i næringslivet.

Gjennom målretta arbeid for å støtta opp om verdiane meistring, glede og samhald, skal Stord Fotball ro denne skuta ut i verda.

Og då treng dei alle gode krefter med på laget, for dugnadsarbeidet står heilt sentralt for å lukkast.

Stor takk til Stord Fotball for at dei ville sponsa denne episoden!

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.