SunnhordlandPodden
Avsnitt

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

Dela

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.

Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull.

Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbeidet med Sunnhordland Bygningsvernsenter på Søre Tveita, eit prosjekt som skal bli ein møteplass for kurs, handverk, kunnskap og restaurering.

Me tar opp alt frå linoljemaling og patina til gamle vindauge, sjøbruksbygningar, gjenbruk og spørsmålet: Må me verkeleg rive og byggje nytt?


Tema vi kjem innom:

  • Korleis restaurere eit gammalt hus?
  • Korleis ta vare på gamle hus?
  • Kva maling skal ein bruke på gamle hus?
  • Linoljemaling på gamle hus
  • Korleis restaurere gamle vindauge?
  • Er det betre å restaurere enn å rive?
  • Kva er bygningsvern?
  • Kva kan gamle hus fortelje oss?
  • Korleis ta vare på kulturminne?
  • Restaurering av gamle hus
  • Bygningsvern i Sunnhordland
  • Tradisjonshandverk på Stord



Sponsor: Særsten Byggrestaurering!

Gamle hus er unike – robuste og miljøvennlege.

Hos Særsten Byggrestaurering handlar det om meir enn å reparere gamle bygg. Det handlar om å ta vare på historia, kvaliteten og verdiane som ligg i dei.

Med over 20 års erfaring og spesialkompetanse innan rehabilitering og restaurering, hjelper Særsten Byggrestaurering deg med å ta vare på det gamle – og føre arven vidare til nye generasjonar.

Gjennom tett samarbeid med kundane blir det lagt vekt på gode løysingar, solid handverk og nøye utvalde materialar.

For gamle hus fortener å bli tatt vare på.

Særsten Byggrestaurering – tek vare på historiske verdiar.

Les meir på byggrestaurering.no.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.