I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern.
Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er.
Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på".
Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut.
Sponsor: Finnås Kraftlag
Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo.
Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo.
Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet.
I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode.
Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!