Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg.
Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes.
I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt namn.
Du blir og betre kjent med Støyperiet Pub på Husnes – eit imponerande dugnadsprosjekt med 109 eldsjeler, retromøblar, lokal identitet, planar om å brygge øl og eit sterkt ønskje om å skapa ein varm møteplass for vaksne.
Du får og mange gode reisetips, både lokalt og globalt.
Sponsor: Ekspedisjonsreiser AS
På Husnes finn du Ekspedisjonsreiser AS – eit lokalt reiseselskap med personleg service og solid kunnskap om reisemåla sine.
Dei skreddarsyr reiser og tilbyr gruppeturar for deg som ønskjer unike opplevingar – frå fjellturar i Nepal og toppen av Kilimanjaro, til Machu Picchu og safari i Kenya og Tanzania.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.