SunnhordlandPodden
Avsnitt

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

Dela

28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar.

I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissane på den store utandørsframsyninga.

Dei fortel om nervar, dugnadsinnsats, profesjonelle skodespelarar, barn på scena – og kvifor 2026-utgåva blir både meir livleg og vidareutvikla enn sist.

Kvifor betyr historia om Håkon den gode framleis aktuell? Og kva skjer med ei bygd når unge og eldre går saman om å skapa noko stort?

Ei samtale om lokalhistorie, teaterglede, fellesskap – og magien som oppstår når heile bygda løftar i lag.


Kjøp din bilett her: https://ebillett.no/Fitjar 


Sponsor: Fitjar Kraftlag

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.

Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.

Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.