SunnhordlandPodden
Avsnitt

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Dela

Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?

I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyrden på Stord. 


Sandy har vore hundeinteressert sidan ungdomsåra, har utdanna seg til hundetrener og driv i dag med oppdrett av Australian Shepherd og Shetland Sheepdog.


Vi snakkar om livet med hund, hundespråk, trening, oppdrett og etisk avl. Sandy deler også erfaringar frå eit stort personleg tap, og fortel kvifor det er så viktig å velje ein hund som passar til livet du faktisk lever.


Dette er ein episode for deg som har hund, vurderer å skaffe deg valp – eller berre er litt over snittet glad i hundar.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.