Kva skjer når ein «all in»-person får fuglar som hobby? Då blir det fort både kamera til mange tusen kroner, fugleeksamen, sjeldne artar og ei eigen fuglebok!
Espen Bore Hollund frå Bømlo har gått frå rock og metal, solceller og heimeautomasjon til å bli ein ivrig fuglekikar og naturfotograf.
Han fortel om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, fugleturar til Svalbard – og kvifor rustsnipe på Bømlo blei starten på eit mykje større fugleeventyr.
Me snakkar òg om naturvern, fuglekassar, korleis du kan kome i gang med fuglekikking – og kvifor Sunnhordland faktisk er ein spennande plass for fugleinteresserte.
Ein episode for både fuglenørdar og deg som berre lurer på kva det eigentleg er folk ser etter når dei står med kikkert i veikanten.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.