Kva skal til for å bli jeger, og korleis kjem ein seg eigentleg i gang med hjortejakt? I denne episoden møter du Geir Innvær frå Bømlo – mannen bak YouTube- og Instagram-profilen «Jakt med Geir».
Geir har vakse opp i ein jaktfamilie og har jakt som ein stor del av livet. Han fortel om hjortejakt på Vestlandet, reinsdyrjakt i Suldalsheiane og elgjakt i Nord-Noreg. Me får høyra om adrenalinet når hjorten kjem på skothald, jakthunden Ravn, gode jaktkameratar og gleda over å hauste sin eigen mat frå naturen.
Geir brenn også for å rekruttere nye jegerar. Gjennom prosjektet «Lærlingen» har han teke med Emil frå Stord på vegen frå jaktinteressert nybyrjar til hjortejeger. Kva må du gjere for å ta jegerprøven? Korleis finn du ein stad å jakte? Og kva utstyr treng du eigentleg?
Ein episode for deg som elskar jakt, vurderer å bli jeger eller berre er nysgjerrig på livet som jeger på Vestlandet.
Sponsor: Jarle Steinsland AS
Rørlegger og flislegger med hovedvekt på rehabilitering av bad/våtrom.
Jarle har over 20 års erfaring, og han er den rørleggeren jeg ringer til når noe skal fikses hjemme hos oss. Han har blant annet pusset opp et par bad og montert en flott dusj her, så eg kan trykt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland om du trenger en dyktig rørlegger.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.