Bømlo Teater set opp «Verdas mest forelska par» i Bømlo kulturhus 13.–15. november. Teaterstykket tek oss med til den vesle bygda Bløygen, der Bidger og Esmiluni er stormande forelska. Men Bjørn Diesel har andre planar og ønskjer å vinna Esmiluni for seg sjølv. Då bygda melder paret på eit verdsmeisterskap i pludring og romantikk, blir det både kjærleik, sjalusi og forviklingar. Stykket er basert på boka til Rune Belsvik og byr på eit sjarmerande møte med folk som er glade i kvarandre og bygda si.
I denne episoden møter du fire engasjerte folk frå Bømlo Teater: Heine Larsen spelar Bidger, Siri Elisabeth Sortland spelar Esmiluni, Frode Larsen spelar Bjørn Diesel, og Maria Grindheim er regissør.
Me snakkar òg om teaterglede, samhald og kva Bømlo Teater har betydd for folk og lokalsamfunnet gjennom fleire tiår.
Sponsor: Bremnes Seashore
Bremnes Seashore har hjarte for laks. Og dei har hjarte for lokalsamfunna våre. For eldsjelene som skapar liv, fellesskap og gode opplevingar.
Difor har Bremnes Seashore òg hjarte for Bømlo Teater å ønskjer lukke til med «Verdas mest forelska par».
Stor takk til Bremnes Seashore - for at dei ville sponsa denne episoden!
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.