SunnhordlandPodden
Avsnitt

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Dela

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.

Sigrun deler ope om flink-pike-strev, perfeksjonisme, indre kritikar, tru, mot og vegen vidare når livet buttar imot.

Me snakkar òg om kvifor det er så viktig å søkja hjelp tidleg, forstå eigne styrkar, byggja gode relasjonar – og heia kvarandre fram.

Ein varm og ærleg samtale om å våga å vera menneske.


Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:

I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.

For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.

Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?

Då kan du bli støttespelar.

Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.