Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.
Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte med menneske i livets mest krevjande augeblikk.
Vi snakkar om kva som gjer jobben meiningsfull, korleis ein handterer sterke inntrykk, kvifor den gode kaffikoppen med ein kollega kan vera den beste debriefen – og ikkje minst: kvifor vanlege folk ikkje må vera redde for å gripa inn.
Christian André deler konkrete råd om HLR, hjartestartar, hjerneslag, ulukker, nedkjøling og kva du bør gjera når sekund faktisk tel. I tillegg blir det litt lokalpolitikk, helse og samferdsel.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.