Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål!
Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke.
Når Statsforvaltaren mottek ein søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å få gitt sitt samtykke, og andre gonger er det ikkje mogeleg å få til samtale. I dei tilfella vert di vilje og ønske vurdert ut frå kva du tidlegare har sagt og gjort.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Innehållet i podden är skapat av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.