Denne episoden av «For folk og natur» handlar om Totalforsvarsåret 2026. I år skal heile samfunnet øve saman slik at vi kan vere budd på å handtere alvorlege kriser og krig. Alle skal øve; frivilligheita, næringslivet, alle deler av forvaltninga, Forsvaret, våre allierte - og kvar og ein av oss. Gjennom Totalforsvarsåret 2026 skal Noreg sin evne til å førebygge og handtere sikkerhetspolitiske kriser og krig - motstandskrafta vår - bli styrka. 

I studio er kommunikasjonsleiar Lena Skattum Sandvik i samtale med statsforvaltar Else-May Botten og fylkesberedskapsjef Gunnhild Anett Naas. Lars Levende Jacobsen har ansvar for det tekniske.

Denne episoden vart publisert 18. mars 2026

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Innehållet i podden är skapat av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.