Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive.
Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt, nært og truverdig. Dette er eit tema ho gjerne ville skape meir openheit om.
I Klassekampen skreiv meldaren at: «eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv».
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Sunniva Relling Berg. Innehållet i podden är skapat av Sunniva Relling Berg och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.