Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet.
Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger.
Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet.
Bøkene til Hilde Myklebust:
Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)
Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)
Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)
Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)
Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)
Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)
Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)
Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)
Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)
Bøkene til Martin Baldysz
Vintertrang, roman, MARGbok (2013)
Vardane, roman, Samlaget (2020)
Fallgard, roman, Samlaget (2024)
Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Sunniva Relling Berg. Innehållet i podden är skapat av Sunniva Relling Berg och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.