Frå 1. oktober starter Mirjam Ulstein (36) i Radio Sunnmøre som journalist i 100 %. Ho er utdanna politi, og har sidan 2020 arbeidd som operativ førebyggar og politikontakt i Møre og Romsdal politidistrikt i Ålesund. Ulstein har også vore redaktør i kvinnemagasinet JK, og hatt eit eige frilansselskap der ho har jobba blant anna for ByMagasinet. Også Laget har hatt gleda av å ha henne som trainee.
- Eg har eigentleg vore oppriktig interessert i andre mennesker alltid, men eg er eigentleg bedre til å lytte enn å prate. Men det kan nok vere bra sidan det handlar om å lytte og stille dei rette spørsmåla, fortel Mirjam Ulstein om at ho no skal arbeide i radio.
I 2021 vart Ulstein døypt i Bedehuskirka Emblem, saman med eldste sonen, og har fått ei tilknytting til forsamlinga der. Ho fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det har blitt viktig for henne å vere tydeleg med si eiga kristen tru etter at ho vart mamma. - Det er eit ankerfeste, det er eit fundament, og det handlar om identitet og gode rammer. I dag virker det som det er mange rammer som går i oppløysing, og då er det endå viktigare å lyfte fram Guds ord. Og det å vere tydeleg på mi eiga tru kan vere viktig både for meg sjølv og dei som er rundt meg, seier Ulstein.
Helge Åkerenes hadde sin siste arbeidsdag i Radio Sunnmøre 30. juni og gjekk tilbake til Åpne Dører i full stilling. Frå 1. oktober startar Mirjam Ulstein i Radio Sunnmøre i 100%.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
radiosunnmore. Innehållet i podden är skapat av radiosunnmore och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.