-For oss er det som å kome til grøne enger og kvilens vatn, seier Silje Knardal Johansen om å feriere på Fangekasa bibelcamp i Indre Østfold. I fire veker i løpet av sommaren landar dei på Fangekasa og i tillegg til ferie bidreg dei på bibelcampen. Dei to neste vekene er det barne -og familieveker på campen, og det er fullbooka i både hytter og på campingen.

Det er alltid fullt av sunnmøringar på bibelcampen Fangekasa, og det er mange som bidreg med dugnad for å få vekene til å gå rundt. Alt frå musikk, til ungdom og barneopplegg, andakter og konsertar, til kafedrift og meir, er det frivillege som bidreg med. Andre veka dette året var det Silje og Runar Johansen som var vertskap for, og ho fortel at det ofte er fleire ledd i generasjonar som kjem att på campen kvart år etter at ungane har fått ei god oppleving av å vere der. 

Høyr heile intervjuet med Silje Knardal Johansen.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör radiosunnmore. Innehållet i podden är skapat av radiosunnmore och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.