RVTS Vest Podcast
Avsnitt

Ungdomsvolden er ute av kontroll, skrik nokon - Fredagsfokus podcast

Dela

Ungdomsvolden skaper sterke reaksjonar. Politikarane vil slå hardare ned, og politiet melder om fleire alvorlege saker. Nokon ropar at kriminell lågalder må senkast – som om dette i seg sjølv skulle løyse problemet. Forskinga teiknar eit meir nyansert bilete. Er volden blant unge eigentleg på veg opp – eller har vi berre blitt flinkare til å registrere, filme og dele han? Vi løftar blikket, ser bak tala – og spør: Kva er det som eigentleg skjer? For det skjer noko med ungdom, ja, men kanskje òg med oss som samfunn. Er det ungdommane som har blitt meir valdelege – eller vi som har blitt meir redde? Desse og fleire spørsmål ønskjer vi å drøfte i desemberutgåva av Fredagsfokus. I panelet sitter Lars Roar Frøyland (forsker I ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA, OsloMet), Randi Mossefinn (RVTS), Mette Ekenes Garmannslund (RVTS) og Steinar Hvål (RVTS).

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör RVTS vest. Innehållet i podden är skapat av RVTS vest och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.