Forsking viser at nær halvparten av tilsette i norske sjukeheimar har observert episodar der pårørande krenkjer, audmjukar eller utøver vald mot bebuarar.
Ofte er det snakk om psykisk vald – i form av kjefting, kritikk og nedsetjande kommentarar – handlingar som lett kan bli oversette, men som kan få store konsekvensar for den som blir ramma. I tillegg er økonomisk vald utbreidd.
I dette Fredagsfokus spør vi: Kva veit vi om vald frå pårørande i eldreomsorga – og kvifor snakkar vi så lite om det? Vi løfter fram både forsking, praksiserfaringar og faglege dilemma i eit felt som angår fleire enn vi kanskje likar å tru.
I panelet:
Med oss denne gongen har vi førsteamanuensis Anja Botngård (NTNU), med doktorgradsarbeidet Elder abuse in Norwegian nursing homes) og Sapna Sharma (spesialrådgiver RVTS sør), samt Inger Sigfridsson og Steinar Hvål (RVTS Vest)
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
RVTS vest. Innehållet i podden är skapat av RVTS vest och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.