Leselaget
Avsnitt

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

Dela

I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. I høve jubileet skal podkasten Leselaget lese dei tre bøkene Medmenneske (1929), Ragnhild (1931) og Siste leveår (1933). 


Vi inviterer til tre direkteopptak der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg kvar av dei tre romanane. Kvar episode har ein ny gjest. 


VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN!

Anten kan du lese saman med oss, bok for bok, eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast, men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det!

Hent deg ut gratisbillett.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Det Norske Teatret. Innehållet i podden är skapat av Det Norske Teatret och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.