Hege Lothe arbeider til dagleg i Noregs Mållag, har nyleg gått av som leiar i Vestland SV, og er nå vald som 1. kandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane krins. Ho snakkar varmt om hjørnesteinbedrifta Brødrene Aa i heimkommunen Gloppen som har satsa på bygging av fossilfrie hurtigbåtar og bidreg til store kutt i CO2-utslepp. (Etter at opptaket vart gjort i mai, blei denne bedrifta slått konkurs.) Ho er kritisk til at Storting og regjering ikkje stiller med løyvingar som gjer elektrifiseringa mogeleg:  

«Det er kjempeviktig. Masse utslepp frå desse hurtigbåtane som vi må ha for å halde fylket samla både for næringsliv og folk, og så ser vi at Staten, Stortinget, regjeringa ikkje vil stille opp med løyvingar.» 

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Klimapartnere Vestland. Innehållet i podden är skapat av Klimapartnere Vestland och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.