I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei er vanleg utbreidde heilt til Sri Lanka, via India, Afghanistan og Kaukasus. På Sunnmøre er det to i 900 meters høgd, men elles i Norden ligg dei fleste ved havet. Her, og berre her, har bruk og  bygging av labyrintane pågått heilt inn i moderne tid. Mange har meint mykje om kor gamle labyrintane er og kva funksjon og meining dei har hatt. Noko endeleg svar når vi nok aldri, men her får du emnet presentert av ein som har jobba med det sidan midten av 1970-talet.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Eldar Heide. Innehållet i podden är skapat av Eldar Heide och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.