Språkoppdraget
Avsnitt

Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet

Dela

Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt.

I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til Fugøetribunalet og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke Kommunion. Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen.


I denne episoden av Språkoppdraget fortel Marie om si aller første rolle, som fekk henne til å velje teateret, om korleis ho brukar eigne erfaringar i arbeidet med nye karakterar, og kvifor det faktisk var heilt riktig å bade rundt i vaffelrøre i Unge Werthers lidingar.


Vi snakkar om nordlendingar og banning (myte eller fakta?), om å pugge manus i ring på stovegolvet, og om at ho i haust skal ha regi på sin aller første musikal!

Marie blir framleis kjent igjen som kona til Vidar Magnussen frå NRK-serien Side om side. Vi snakkar om kinopremiere og raud løpar, kulturpolitikk, den tapte tenåringsromanen ingen får lese, og coverlåtar på nynorsk med bandet The Young Suffering Ensembla. 


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Det Norske Teatret. Innehållet i podden är skapat av Det Norske Teatret och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.