Ein kommentar på nettsida www.barnebokkritikk.no vart illustrert med bilete genererte av Microsoft Ai Copilot. Eit bortimot samla korps av norske illustratørar og teikneserieskaparar hoppa inn på Barnebokkritikk sine facebooksider for å skjelle ut valget, deriblant eg. Ansvarleg redaktør Ingvild Bræin tok kontakt for å få lufta litt kva ho hadde tenkt, og sidan eg også hadde tankar å lufte, og temaet er litt uhandterleg, lagde vi berre ein podcast av det. Dette bringer neppe diskusjonen til noka avslutning, og kanskje heller ikkje vidare, men kort oppsummert er vel mi meining at aktørar som ynskjer framstå som seriøse ikkje bør bruke AI-genererte bilete, fordi prosessen med å kverne milliardar av bilete opp til statistikk, anonymiserer menneska som har skapt den originale kunsten, og dermed kuttar over koblinga frå menneske til menneske som er det som gjer kunst til kunst. Samstundes er eg klar over at dette er ei litt høgttravande, pretensiøs forklaring, men det er meir ærleg og presist enn "det er stygt" eller "det stjeler frå oss" eller "det tek jobbane våre", som alle er meir populære og, for meg, mindre presise grunnar.

Elles tenker eg jo at det også demokratiserer evna til biletskaping, og dermed puttar "visuelle superkrefter" i hendene på folk med handikap, folk med lite tid, og folk med mangel på ressursar. Prisen vi betaler for det er meir visuell støy og meir skrot, men det har alltid vore tilfelle når evner som har vore begrensa til ein elite vert distribuert ut til "massene" - akkurat som bloggar og facebookstatusar byrja konkurrere med trykte media. Det er ofte heslig å sjå på, men totalt sett synest eg likevel denslags er eit gode. Og akkurat som seriøse aviser kanskje ikkje bør trykke bloggpostar eller facebook-utbrudd (men likevel gjer det), bør ikkje seriøse aviser trykke AI-illustrasjonar. Det er dårleg smak, uavhengig av om produktet er fint eller stygt. 

Nettopp det at det kanskje til slutt berre handlar om smak er vrient å svelge for oss som teiknar og gjerne vil kunne forhandle hardt på pris, men akkurat no kjem eg ikkje på meir "konkrete" motargument, men kjem heller ikkje unna at det ER dårleg smak. 

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Øystein Runde & Nitro. Innehållet i podden är skapat av Øystein Runde & Nitro och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.