Oljebransjen slapp seg laus på oljemessa ONS, kinesiske elbussar blir sette under lupa, og kva vil skje utover hausten i norsk klimapolitikk? Velkomen til sesongstart for Klimax.

Etter ein lang sommarferie er Klimax tilbake – den vekentlege podkasten der tilsette i Energi og Klima og Norsk klimastiftelse diskuterer aktuelle saker på klima- og energifeltet.


Denne vekas podkast blei spelt inn torsdag 27. august, med desse deltakarane:

·      Anne Karin Sæther, prosjektleiar for olje og gass i Norsk klimastiftelse

·      Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar for klimaportalen tilnull.no

·      Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse


Dei gir ein stemningsrapport frå oljemessa ONS i Stavanger og diskuterer det mest betente politiske forslaget som blei lansert under messa: Konkraft sitt forslag om å opne Nordland VI for petroleumsaktivitet. Saman med områda Nordland VII og Troms II utgjer dette LOVESE (Lofoten, Vesterålen og Senja).


Panelet diskuterer òg nyheita om at Samferdselsdepartementet i eit høyringsforslag ønskjer å avgrense kjøp av bussar frå land Noreg ikkje har eit tryggingspolitisk samarbeid med. Mellom anna ønskjer dei færre elbussar frå Kina. Det store spørsmålet er: Korleis skal vi forhalde oss til Kina i det grøne skiftet?


Til slutt i episoden diskuterer ein kva saker som vil prege hausten, og som alltid: det blir kåring av vekas antiklimaks og klimaks.

Lenker til saker som er omtalt i denne episoden:

 

·      Energi og Klima 24. august 2026: EU-sjefen advarer selvtilfreds oljebransje

·      KonKraft-rapporten som anbefalar at oljebransjen får tilgang til området utenfor Lofoten, kalt Nordland VI.

·      EU-kommisjonens forslag til revisjon av kvotesystemet ETS og en handlingsplan for elektrifisering

·      Avisa Nordland 25.08. 2026 Bodø bygger felles energiknutepunkt for skip og tungtransport (abo)

·      Aftenposten Frykter for Norges sikkerhet: Nå vil regjeringen begrense kjøp av busser fra Kina

·      Energi og Klima Uenige om Norge kan nå klimamålet med kvoter

 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Energi og Klima. Innehållet i podden är skapat av Energi og Klima och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.