Det midlandske kulturområdet som strekker seg langs fjellheimen som skil austland frå vestland, frå Gudbrandsdalen i nord til Telemark i sør, har heilt sidan nasjonalromantikken hatt ein spesiell status i norsk folkemusikk. På denne konserten får vi høyre fire ungdommar som forvaltar kvar sin tradisjon på særs dedikert vis.

Iselin Anna Aukrust er på heimebane sjølv om ho til dagleg studerer på Ole Bull Akademiet på Voss, og både spelar og syng tradisjonsstoff frå Lom og Ottadalen med stor dugleik.


Kvedaren Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark har på imponerande vis tileigna seg ein levande familietradisjon etter mor Ingvill Marit Buen Garnås og gommo Agnes Buen Garnås. Til dagleg studerer ho ved Noregs Musikkhøgskole. Mellom Gudbrandsdalen og Telemark finn vi både Hallingdal og Valdres.

Kjetil Meberg Myhren – Oslo-gut med sterke familierøter i Hallingdal og Telemark – spelar både tele- hallingspel på gneistrande vis.


Syver Rolandsgard Hauge frå Vestre Slidre i Valdres, som er vaksen opp nokre frå steinkast unna der ein av storkultane i Valdres-tradisjonen, Ivar Ringestad (1870–1953) budde og virka, har eit spel som er utan sidestykke blant levande spelemenn i Valdres i dag. Båe desse karane har nyleg studert høvesvis felebygging og felespeling på USN, avdeling Rauland.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Magasinet Folkemusikk. Innehållet i podden är skapat av Magasinet Folkemusikk och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.