Runar Landro har gjennom nesten 48 år i kristen teneste sett både sunne og usunne sider ved leiarskap i kristne fellesskap. I eit seminar om kristent leiarskap peika han på behovet for tydelege rammer, leiarar med god karakter og eit sterkare bibelsk fundament.
Det er alltid nokon som leier, anten dei er valde til oppgåva eller tek leiarskap på eige initiativ. Spørsmålet er kva slags leiarskap vi ønskjer i dei kristne fellesskapa våre.
Gjennom konkrete historier og bibelske perspektiv viste Landro korleis usunt leiarskap kan skade eit fellesskap, men òg korleis gode leiarar kan leggje til rette for vekst, tryggleik og teneste.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Kjetil Fyllingen. Innehållet i podden är skapat av Kjetil Fyllingen och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.