Draumen om evig liv har ei lang historie og er tett kopla til trua på at vitskaplege framsteg skal overvinne ikkje berre sjukdom, men også gjere aldring unødvendig og døden valfri.
Nedfrysing av kroppar i påvente av at teknologien skal gjere det mogleg å vekkje dei til live att, eller opplasting av «hjernen og tankeevna» når kroppen ikkje lenger vil, er moglege tekniske løysingar.
Dette er prosjekt med sterke koplingar til kapitalsterke aktørar i Silicon Valley, ofte med ein eksplisitt transhumanistisk ideologi. Sjølv om dette er ekstreme prosjekt, finn vi tydelege parallellar i langt meir utbreidde framtidsvisjonar, spesielt knytt til «start up-kultur» og idear om teknologisk «konvergens».
Annelin Eriksen er preses og styreleiar for Det Norske Videnskaps-Akademi, og professor i sosialantropologi ved UiB. Ho har publisert boka Evighetsmennesket: Om teknologi, vitenskap og udødelighet (2023). Hun har leia NFR-prosjektet «Human Futures» (2021-2026)
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör
Forum for vitenskap og demokrati. Innehållet i podden är skapat av Forum for vitenskap og demokrati och inte av,
eller tillsammans med, Poddtoppen.