Agentane i NIFS håper på ei role førjulstid, heilt til senternissen på Gunerius blir funnen drepen, med tarmane strukke ut til å forme ordet FALSK på golvet midt i handlesenteret. Kva har skjedd her?
Jula varer heilt til påske, seier ordtaket. Vi får håpe det faktisk er korrekt, all den tid vi set igang eit juleeventyr i januar. God jul!
NIFS – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring – er eit hemmeleg, statleg organ laga for å beskytte og ta seg av fabeldyra i nasjonen. Nokre av dei mytiske vesena er enkle skadedyr, andre lever i skjul for menneskemengdene i samarbeid med oss, men mange er farlege og dukkar opp når ein minst ventar det.
Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör RadCorp. Innehållet i podden är skapat av RadCorp och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.