Har du lest om NIH-forskinga som viste at 12-åringar som trena hardt ikkje blei betre enn dei som leika?

Mange las og blei engasjert av funna til NIH-stipendiat Halvard Grendstad som i haust blei omtalt på forskning.no og Aftenposten.

Kva er det med puberteten som gjer at det er den viktigaste faktoren for utviklinga av kondisjon? Og korleis bør du som trenar, lærar eller forelder tenkje rundt det?

Grendstad gjestar NIH-podden saman med mangeårig langrennstrenar Håkon Stuge Bånerud. Han  veit godt korleis det er å trene ivrige ungdommar og synest funna er spennande. Han meiner idretten blir profesjonalisert for tidleg i puberteten. 

Programleiarar er førsteamanuensis Christina Gjestvang og innhaldsprodusent Gjermund Erikstein-Midtbø.

Redigerer er Eskil Byrkjeland.

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Norges idrettshøgskole. Innehållet i podden är skapat av Norges idrettshøgskole och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.