Quizosiadote er tilbake etter haustferien. Benjamin tek seg av spørsmåla, og denne gongen er han skuffa over svara til Hjorthen. Nokon bør gå i tenkeboksen.

I dag lurar vi på korleis hadde filmen "Taken" vore om Jens Stoltenberg spelet hovudrolla? Du kan få ein smakebit her. Korleis høyrast det ut når Benjamin prøver å marknadsføre Quizosiadote i Strandgata? Kva ropte Ronald Reagan då ballongen sprakk? Mikke Mus og Siv Jensen kjem også innom.

Sjølv om Mikke og Siv er innom er det berre Benjamin og Hjorthen bak mikrofonane, men neste gong er det varsla ein gjest igjen, og har du lyst til å vere med å leike med oss er det berre å skrike ut. Kanskje har du nokre spørsmål du vil stille oss? Send oss ei melding!

Podden och tillhörande omslagsbild på den här sidan tillhör Arne Hjorth Johansen. Innehållet i podden är skapat av Arne Hjorth Johansen och inte av, eller tillsammans med, Poddtoppen.